Nyheter
Bremnes Seashore kjøper servicebåt frå Moen Marin
Bremnes Seashore styrkjer den eigne servicekapasiteten med ein ny servicebåt frå Moen Marin. Avtalen gjeld ein NabCat 2112 HYB, eit hybridfartøy i stål tilpassa nye driftsformer i havbruk.
– Me er svært glade for fornya tillit frå Bremnes Seashore, som no styrkjer den eigne servicekapasiteten. Selskapet kjenner godt fordelane med hybridløysingane våre frå tidlegare leveransar, vår første EL-hybrid fartøy leverte til Bremnes Seashore var tilbake i 2020, arbeidskatamaranen «IDA». Dette gjev eit godt grunnlag for å samarbeida vidare, seier Georg Nesset, senior salssjef i Moen Marin.
Tilpassa nye driftsformer
Fartøyet er utvikla for å møta nye krav til operasjonar i havbruksnæringa, med vekt på lågutsleppsteknologi, sikre operasjoner og fleksible løysingar om bord for nye driftsformer og døgndrift.
Utviklinga av fartøyet har skjedd i tett samarbeid med oppdrettarar i dagleg drift og med utstyrs- og teknologileverandørar, mellom andre ScaleAQ Seabased. Fartøyet er designa av Marin Design AS, i samarbeid med Moen Marin.
Styrkjer serviceavdelinga
Bremnes Seashore styrkjer med dette den eigne servicekapasiteten. Serviceavdelinga er tett på drifta og spelar ei viktig rolle i gjennomføringa av operasjonar, utviklinga av nye løysingar og arbeidet med fiskevelferd og biosikkerheit.
– Teknologi skal hjelpa oss å driva betre på fisken sine premissar. Med den nye båten får me større kapasitet til å gjennomføra operasjonar skånsamt, trygt og presist. Det er viktig for fiskevelferd, fiskehelse, biosikkerheit og tryggleiken til folka våre, seier Geir Ivar Ådnanes, oppdrettsdirektør i Bremnes Seashore.
– Me har arbeidd tett med Moen Marin for å få eit fleksibelt arbeidsfartøy som er tilpassa både dagens oppgåver og nye driftsformer. Stor batterikapasitet og kraftig dekksutstyr gjer båten godt rusta for åra framover. Hybridløysinga legg samstundes til rette for lågare energibruk og utslepp, seier Ernst Olav Helgesen, sjef teknisk drift og teknologi i Bremnes Seashore.
Tekniske hovudpunkt
- Batterikapasitet: 1 440 kWh.
- Framdriftsmaskineri: 2 × 575 kW.
- Generatorkapasitet: 3 × 385 kW.
- Dynamisk posisjonering: DP 0.
- Dekksutstyr: 80/20-tonns dekksvinsj, dekksmodul og platelås.
- Kranpakke frå HS Marine/ North Sea Maritime: AKC 185 og AKC 100.
